Produkt

 
I Syltetøybutikken finn du saft og syltetøy som er laga av frukt og bær dyrka på gardene i nærleiken. Bær og frukt frå dette nordlege området av landet, med kjølege netter og lange, lyse dagar, blir ekstra smakfulle.
Dei råvarer som området ikkje kan produsere er norske eller nordiske. Vi synest det er viktig at råstoffet er dyrka så nær oss som muleg.
 
Produktoversikt syltetøy/marmelade/gelé
 

Blåbærsyltetøy
Bringebærsyltetøy
Jordbærsyltetøy
Kirsebærsyltetøy
Multesyltetøy
Plommesyltetøy
Rørte tyttebær
Solbærsyltetøy
Stikkelsbærsyltetøy
Tyttebærsyltetøy

Jordbær/rips marmelade
Appelsinmarmelade

Bringebærgelé
Kirsebærgelé
Ripsgelé
myntegelé

 
Produktoversikt saft/jus
 
eplesaft
blåbærsaft
bringebærsaft
solbærsaft
ripssaft
husholdningssaft
heggebærkrem
Tranebærjus
 
Singelfrosen bær
 
Blåbær
Bringebær
Jordbær
Multe
Solbær
Tyttebær
 
Økologiske produkt
 

Plommesyltetøy
Eplesaft
Eple/pæresaft
Drikkeklar eple/pæremost
Frosen eplejus eller eple/pære-jus


 
Gaver
 

Vi ønskjer dykk velkomne i vår koselege og spennande butikk. Her er det noko for alle og du får god service. I butikken kan du finne den rette gåva til å ta med heim, og kanskje også noko til deg sjølv.

Vi har eit stort utval av syltetøy, gele og saft. Emballasjen er flasker og glas i to storleikar med ein fin spesialdesigna etikett med motiv frå Olav den Heilage si ferd gjennom området vårt. Vi kan lage ei gåvepakning akkurat slik du vil ha ho.

I butikken finn du nydeleg service med motiv av jordbær, båtar og hestar; bilete som avspeglar det ein kan sjå i Valldal og området rundt. For dei som likar fuglar, kaninar og hjort er desse motiva å finne på skåler.

Tekstilar som kjøkkenforkle har vi også, for eksempel i jordbær-design!

Kjøper du ei flaske eplesaft eller blåbærsaft, kan det passe å sette på ein av våre dekorative flaskehaldarar.

I butikken har vi mange sortar sukker: sukkerbitar, sukkerpinnar, brunt og kvitt sukker.

I tillegg til alt dette har vi fleire variantar av te i lausvekt. Kom innom og finn din favoritt!

Hos oss kan du betale med kort.