Om oss
Produksjonsprosessen Bønder og hageeigarar i Valldal og bygdene rundt leverer frukt
og bær til Norsk Bærindustri. Det kjem inn mykje frukt og bær i løpet av sommar- og haustmånadane. Det meste av dette blir fryst ned til produksjon seinare. Ein del frukt og bær blir pressa. Av bringebær, blåbær
og eple blir det frisk saft som enten kan drikkast som den er, eller sukrast
og konserverast. Syltetøy og saft blir kokt i store gryter. Den heimelaga smaken er sikra. Oppskriftene er tradisjonsrike og velprøvde, men på same tid vert det satsa på nyutvikling. Ein av nykomarane er vårt spesielle Dronning-syltetøy Syltetøy og saft vert tappa for hand. Vi brukar tradisjonsrike etikettar. Emblemet frå då bedrifta starta i 1919 er framleis i bruk. Til glasserien Sylte er motivet henta frå den tidlege historia til Valldal, då Olav den heilage drog gjennom området. Det er Ann og Vincent Colman-Mattheeuws som i stor grad produserer og sel varene i Syltetøybutikken. Dei er ofte å finne bak disken og veit det meste om produkta i hyllene. Dei har vore med på heile prosessen, frå bæra kjem inn i fabrikken, til kunden har sitt nyinnkjøpte glas syltetøy i handa. |