Økologi Vi produserer også saft og syltetøy som ikkje er tilsett konserveringsmiddel. Ein stor del av råvarene kjem frå Linge i Valldal, frukt og bær som ikkje er sprøyta med sprøytemiddel. Dei økologiske, Debio-godkjende produkta er for det meste pakka i glasemballasje. Dei må oppbevarast kjøleg etter åpning. Hausten er tid for pressing av frukt, og vi lagar jus av økologiske eple og pærer. Denne blir fryst ned og er heilt utan tilsetningsstoff. Du kan tilsette sukker ved tining, eller drikke jusen akkurat som den er frå naturen. Økologiske råvarer er ekstra smakfulle og sunne. Dei veks i jord som er bearbeidd på ein naturleg måte og har maksimalt med næringsstoff.
|